søndag 4. mai 2008

Fransk middagspai

Deig
3 dl kveitemjøl
100 g margarin (du kan erstatte noko av smøret med cottage cheese)
2 ss kaldt vatn
1 ts salt

-Smuldre alle ingrediensane saman.
-Lat deigen stå kaldt i minst 30 minutt. (NB! Deigen kan frysast ned til seinare bruk!)
-Trykk ut i paiforma, og prikk med ein gaffel.
-Forsteik midt i ovnen i ca 10 minutt ved 200-220 grader.

Fyll
Ca 250 g skinke
Ca 150 g riven ost (gjerne med litt smak på)
2 dl mjølk
1 dl matfløte
3 egg
Salt
1 ts peppar
1 ts muskat
Løk/kvitløk
Sopp
Spinat
(Bruk fantasien!)

-Pisk saman mjølk, fløte og egg. Ha i krydderet.
-Legg spinat, sopp, skinke (eller kva du no enn brukar) i paien.
-Hell i mjølkeblandinga til den er nesten opp til kanten på paideigen.
-Strø over osten.
-Steik i 20-30 minutt ved 200-220 grader.
-Server med frisk salat.

Ingen kommentarer: