fredag 28. mai 2010

Foccacia

Denne oppskrifta er henta frå tine.no. Eg har tilpassa ho min eigen smak ;)

1 pk gjær
5 dl lunka vatn
0,5 ts salt
1 ts sukker
1 l kveitemjøl
2 ss olivenolje

Bland alt saman. Ha i oljen til slutt slik at han legg seg utanpå deigen på eit vis. Deigen skal vere ganske blaut. Lat han heve i ca ein halv time. Tøm han så ut i ei smurd lita langpanne.

På brødet anbefalar tine følgjande:

1 dl fetaost i små terningar (kan sløyfast)
3 ss frisk rosmarin og/eller timian
2 dl steinfrie oliven, svarte eller grønne
2 ts havsalt
1,5 dl olivenolje

Dette skal stikkast i/bli strødd på brødet. Oljen til slutt. Personleg er eg ikkje så glad i oliven, så eg brukte soltørka tomat i stadan. Fetaost har eg ikkje prøvd, men kvitløk er eit must. Eg delte fedda i 2-4 bitar som eg stakk ned i brødet.

Før det etterhever i 10 min brukar du hendene dine til å klappe deigen, slik at det blir mange små groper på overflata.

Steik ved 180 grader i ca ein halvtime.

Ingen kommentarer: