Viser innlegg med etiketten Diverse.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse.. Vis alle innlegg

torsdag 17. juni 2010

Smoothie


"Man tager hva man haver...", men dette funkar iallfall for meg:

Til 2 store glass:

1 stor/2 små nevar frosne skogsbær el. anna bær.
Appelsinjuice (nesten opp til kanten av bæra i blenderen).
2,5 dl vaniljeyoghurt.
1 banan.
Evt 1 kule vanlijeis.


Kjør bær og juice i blenderen. Fyll etter med yoghurt, deretter banan og evt is. Kjør til jamn blanding (sjølv om eg for min del ikkje syns det gjer noko med litt småklumpar!)

søndag 4. mai 2008

Anitas trøflar

150 g margarin
250 g melis
3 ss kakao
2 ts vaniljesukker
Kokosmasse

-Smelt margarinen og avkjøl litt.
-Bland det tørre og slå margarinen oppi.
-Elt og trill til små kuler.
-Rull dei i kokosmasse.

Snadder! :)

Marinert ost

-Skjer kvitost eller edamerost i terningar (ca 1 cm).
-Bland osten med soltørka tomatar i olje.
-Ha i pressa kvitløk etter eigen smak.
-Strø over pizzakrydder.
-Mariner i balsamikoeddik.

Aller best etter ein dag i marinaden :)

Karelske pirogar

Grautrestar seier du? Prøv desse pirogane til kvelds!

2 dl kaldt vatn
2,5 dl rugmjøl
2,5 del kveitemjøl
1-2 ts salt

-Bland alle ingrediensane og kjevle ut til mange små pirogar (10-15 cm i diameter?).
-Legg ei god spiseskei graut (gjerne litt tjukk) midt på leivane.
-Brett opp kantane.
-Steik pirogane i ca 15 minutt på 275 grader.
-Når dei er ferdigsteikte dyppar du dei i ei blanding av smelta smør(50g) og mjølk.
-Server pirogane varme, med eggesmør.