Viser innlegg med etiketten Kaker.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaker.. Vis alle innlegg

torsdag 22. juli 2010

Pavlova

Denne oppskrifta er henta frå matprat, på denne sida. Veldig god!

Marengsbotn:
4 stk eggehvite
¼ ts
salt
250 g
sukker
2 ts
maisstivelse (maizena)
1 ts
hvitvinseddik eller bringebæreddik

Pisk romtempererte eggekviter sakte saman med litt salt til dei dannar eit mjukt skum. Skru opp hastigheita til boblene i skummet er små og jamne. Når skummet dannar stive topper har du i sukkeret litt etter litt. Pisk til blandingen er mjuk og blank og alt sukkeret er oppløst. Ikkje visp for lenge, for då blir blandinga kornete. Vend deretter maizena og eddik forsiktig inn. Bre utover på bakepapir. (NB! Husk at du skal ha det over på eit fat etterpå! Det var berre flaks at mamma hadde eit fat som passa ;)

Steik midt i omnen på 160 grader i ein time.
Lat botnen stå til han er kald.


Oppå:
1 boks/3 dl kremfløte - pisk krem.
1 pk ferdig vaniljekrem - vend inn i kremen.

Ha kremen oppå kaka.

Frukt og bær etter eige forgodtbefinnande :) Skjær opp i bitar og fordel over kaka.

søndag 16. mai 2010

Oreokake

Det er teke utgangspunkt i denne oppskrifta. Svigermor har modifisert henne, og eg har adoptert henne ;) Les gjennom heile oppskrifta før du går på butikken!


Bunn:

210 g dot-kjeks (1 pk). (Opprinneleg oreo-kjeks).
100 g smør.

Hakk kjeksen i foodprosessor.
Ha i smøret, og kjør til alt er i éin deigklump.
Bre massen utover botnen i ei 24 cm rund kakeform.

Ostekrem:
1 pk philadelphia light, naturell (200 g). (Opprinneleg oreo-kjeks).
2,5 dl melis.
1 boks kremfløte.
70 g dot-kjeks (1/3 pakke), grovhakka. (Opprinneleg oreo-kjeks).

Bland osten med melisen til ein jevn masse.
Pisk krem av fløten.
Vend osteblandinga inn i kremen.

Ha 2/3 av kremen oppå botnen. Strø/stikk kjeksen over.

Sjokolademousse:
1 pk toro sjokolademousse.
3 dl mjølk.
70 g dot-kjeks (1/3 pakke), grovhakka. (Opprinneleg oreo-kjeks).

Lag sjokolademousse som anvist på toro-pakka.
Bre moussen forsiktig over ostekremen. Strø/stikk kjeksen over.

Ha resten av ostekremen oppå, og strø den siste tredjedelen av dot-kjekspakka (grovhakka) på toppen til pynt. Du kan i tillegg pynte med smelta sjokolade eller sjokoladesaus.

Sett kaka i kjøleskapet, og la stå i minst ein time.

Viss du vil ha eit klarare skille mellom laga i kaka, let du ho stå i kjøleskapet ein halv time før du legg på nytt lag.

Nyt og bli mett, rett og slett! :)

søndag 24. mai 2009

Saftig sjokoladekake á la Åshild

400 g smør
4 dl vatn
6-8 ss kakao
9 dl sukker
1 beger lettrømme
9 dl mjøl
2 ts natron
0,5 ts salt
4 egg

Ha smør, vatn og kakao i ein stor kjele. Kok opp.
Slå av plata, men la kjelen stå på.
Tilsett sukker og rør rundt til deg tek til å løyse seg opp.
Ha i rømmen og rør godt.
Ha i sikta mjøl. (Viktig at det er sikta for å unngå klumpar!)
Ha i natron, salt og egg. (Egga bør du røre saman først og ha i litt etter litt)
Hell røra i ei stor langpanne.
Steik ved 175 grader i ca 30 minutt.

Lag glasur medan kaka står i omnen:

100 g smør
350 g melis
4 ss mjølk
2 ts vaniljesukker
1 plate kokesjokolade

Smelt smør og ha resten oppi.

Når kaka er ferdig steikt skal du umiddelbart stikke mange hol i kaka med ein gaffel og helle glasuren over, slik at han trekkjer litt ned i kaka.

Herlig saftig!

søndag 26. april 2009

Karen si gulrotskuffekake

4 dl kveitemjøl
1 ts natron
2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts salt
3 egg
4 dl sukker
2,5 dl matolje
4 dl rivne gulrøtter
2 dl knust ananas, godt avrent
2 dl kokosmasse
2 dl hakka valnøtter (kan sløyfast)

-Bland mjøl, natron, kanel, vaniljesukker og salt i ein bolle.
-Visp samman egg, sukker og olje i ein annan bolle. Bruk elektrisk visp.
-Tilsett mjølblandinga litt etter litt og rør godt.
-Vend gulrøttene, ananasen, kokosen og nøttene.
-Hell røra i lita langpanne (23x30 cm), og steik i 60-75 min på 175 grader.
-Avkjøl kaka før du har på glasuren. Det går også an å sløyfe glasuren.

Glasur
200 g cream cheese
5 dl florsukker
1 ts vaniljesukker
75 g smør

søndag 4. mai 2008

Snickerskake

5 eggekviter
4 dl sukker
30 ritz-kjeks
250 g peanøtter
1,5 ts bakepulver
1,5 ts vaniljesukker

Krem
5 eggeplommer
4 ss melis
100 g smelta, avkjølt lys sjokolade
3 dl kremfløte

-Pisk eggekvitene stive med sukker i ca 12 minutt til stiv marengs.
-Finhakk peanøttene og knus kjeksene.
-Bland peanøtter, kjeks, bakepulver og vaniljesukker og vend forsiktig inn i marengsen.
-Fordel massen i ei stor langpanne.
-Steik midt i omnen i 20 minutt ved 170 grader.

-Pisk eggeplommer med melis og bland med smelta og avkjølt sjokolade. (Ikkje rør for mykje, då blir sjokoladen kornete).
-Pisk krem av fløten og bland med sjokoladen.

-Del kaka i to delar som du legg oppå kvarandre.
-Legg krem mellom laga og oppå.
-Strø peanøtter på toppen.

Banankake

2 egg
2 koppar sukker
2 godt modne bananar, mosa
8 ss mjølk
200 g margarin, smelta
3 koppar kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 ts natron

-Rør saman egg og sukker.
-Bland alt til ein glatt deig.
-Hell over i rund kakeform eller stor brødform. Funkar også særs godt som muffins :)
-Steik i 30-40 minutt ved 180 grader. (Litt kortare viss du veljer muffinsvarianten!)
-Pynt eventuelt med melisglasur.

Ostekake med kjeks

1 pk kornmokjeks
125 g margarin/smør
50 g nøtter

-Grovhakk nøttene og knus kjeksen.
-Bland det med mjukt margarin/smør og trykk blandinga i kakeform på ca 24 cm.
-Avkjøl.

Fyll
3 egg
4 ss sukker
1beger (175 ml) melon- eller aprikosyoghurt
250 g ananas/mandarinost (smøreost)
1 pk gele (appelsin eller sitron)

-Lag gele av 2,5 del vatn. Sett kjøleg til han er halvstivna.
-Pisk eggedosis av egg og sukker.
-Bland ost og yoghurt og ha den i eggedosisen.
-Tilsett den halvstive geleen.
-Hell fyllet over kjeksbotnen og sett kaka kjøleg til ostefyllet er stivna.
-Pynt med det du vil; kiwi, mandarin, appelsin, krem, riven sjokolade...
-Det går også an å ha eit lag med gele oppå ostefyllet viss du vil det.

Delfiakake

2 plater à 125 g kokesjokolade
4 ss sterk kaffi
250 g delfiafeitt
2 egg
2-3 ss sukker
Per-kjeks
100 g marsipan
Geletoppar
Eventuelt også fiken, aprikos og valnøtter.

-Smelt delfiaveittet på svak varme. Avkjøl.
-Smelt sjokoladen i kaffi på svak varme.
-Visp eggedosis av egg og sukker.
-Tilsett den smelta sjokoladen og visp godt saman.
-Tilsett litt og litt delfiafeitt understadig omrøring.
-Visp røra jamn og fin.
-Legg alt lagvis i aluminiumskledd brødform.
-Avkjøl til kaka er stivna.

Veldig godt og veldig mektig :)

Kvikklunsjkake

Mormor hadde stort sett alltid denne kaka ståande ;)

3 egg
3 koppar sukker
225 g margarin
2 ts bakepulver
3 ss bakekakao
1,5-2 koppar mjølk
4 koppar kveitemjøl

-Pisk egg og sukker til eggedosis.
-Smelt margarin.
-Bland det tørre, og ha det i eggedosisen vekselvis med mjølk og margarin.
-Fyll røra i smurt langpanne.
-Steik i 25-30 minutt ved 200 grader.

Glasur
300 g melis
100 g margarin
1,5 ss kakao
2 ts vaniljesukker
3 ss sterk kaffe

-Rør alt godt saman og stryk over avkjøla kake.

Fromasjkake med frukt

Dette er ei søt, frisk og herleg kake, som som regel slår godt an!

2 pk gele etter smak og behag. (Eg likar best ei blanding av boysenbær og jordbær, eller berre jordbær).
9 dl vatn. (Litt mindre enn når du lagar vanleg gele med andre ord).
1 boks kremfløte.

-Lag gele og la han halvstivne.
-Skjer opp frukt i bitar (2 eple, 2 appelsinar, 2 bananar, 2 pærer, druer. IKKJE kiwi - då stivnar ikkje geleen...)
-For å spare deg for litt arbeid går det an å bruke ein fruktcoktail som basis.
-Pisk fløten og vend den inn i den halvstive geleen til farga er ganske jamn.
-Bland i frukta. Det skal vere ganske tett med frukt.
-Ha i rosiner, nøtter og kokesjokolade om du vil.
-Hell i form som er skyld i vatn, og lat den stå i kjøleskapet til fromasjen er stivna.

Den kan av og til vere litt keitete å få ut av forma, men like god likevel!

Det blir omtrent så mykje:

Nøttekake med pære

2 egg
2 dl sukker
1 dl mjølk
1 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
100 g malte nøtter

-Pisk egg og sukker.
-Bland mjøl, bakepulver og nøtter, og rør det i vekselvis med mjølka.
-Steik i rund kakeform ca 40 minutt ved 175 grader.

Oppå kaka
1 boks hermetiserte pærer. (Del opp i båtar og legg oppå kald kake).
1 boks kremfløte. (Pisk til krem og smør over pæra).
Pynt med ferdig sjokoladesaus.

Krydderkake

9-10 dl kveitemjøl
1,5 ts kanel
1,5 ts nellik
1 ss natron
5 dl sukker
7,5 dl kulturmjølk
150 g margarin

-Sikt det tørre.
-Ha i mjølk og smelta, avkjøla margarin.
-Rør saman til glatt deig.
-Hell røra i smurt langpanne.
-Steik i 25-30 minutt ved 180-200 grader.

Gulrotkake

4 egg
2 koppar sukker
2 koppar kveitemjøl
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker
2 ts natron
1 ts salt
1 kopp matolje
2-3 koppar raspa gulrot

-Visp egg og sukker til eggedosis.
-Bland i resten av ingrediensane.
-Steik midt i ovnen på 140 grader, i minst 80 minutt.

Glasur:
50 g smør
1 ts vaniljesukker
125 g melis
125 g smøreost (naturell eller ananas/mandarin)

-Bland saman alle ingrediensane.
-Smør på avkjølt kake.
-Pynt med det du vil - til dømes riven sjokolade eller ein kvast sitronmelisse.