Viser innlegg med etiketten Brød og rundstykke.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Brød og rundstykke.. Vis alle innlegg

onsdag 16. juni 2010

Knekkebrød

2 dl solsikkekjernar
2 dl sesamfrø
4 dl store havregryn
4 dl sammalen kveite, grov
7 dl temperert vatn

Bland det tørre.
Slå over vatnet.
Lat det heile svelle i eit kvarter.
Bre deigen utover to steikeplater.
Rut opp i passe store bitar.
Steik i 75 minutt på 150 grader, varmluft.

Eg har fått tips om å lagre knekkebrøda i metallboks utan lokk, for å halde dei sprøe og gode :)



fredag 28. mai 2010

Foccacia

Denne oppskrifta er henta frå tine.no. Eg har tilpassa ho min eigen smak ;)

1 pk gjær
5 dl lunka vatn
0,5 ts salt
1 ts sukker
1 l kveitemjøl
2 ss olivenolje

Bland alt saman. Ha i oljen til slutt slik at han legg seg utanpå deigen på eit vis. Deigen skal vere ganske blaut. Lat han heve i ca ein halv time. Tøm han så ut i ei smurd lita langpanne.

På brødet anbefalar tine følgjande:

1 dl fetaost i små terningar (kan sløyfast)
3 ss frisk rosmarin og/eller timian
2 dl steinfrie oliven, svarte eller grønne
2 ts havsalt
1,5 dl olivenolje

Dette skal stikkast i/bli strødd på brødet. Oljen til slutt. Personleg er eg ikkje så glad i oliven, så eg brukte soltørka tomat i stadan. Fetaost har eg ikkje prøvd, men kvitløk er eit must. Eg delte fedda i 2-4 bitar som eg stakk ned i brødet.

Før det etterhever i 10 min brukar du hendene dine til å klappe deigen, slik at det blir mange små groper på overflata.

Steik ved 180 grader i ca ein halvtime.

mandag 31. august 2009

Julebrød

1 pk gjær
3 dl mjølk
1,5 dl sukker
1 l kveitemjøl
175 g smør (gni inn i mjølet)
1 ts kardemomme

-Sett deigen til heving.
-Etter heving: Ha i 150 g rosiner og 150 g sukat som du har strødd litt mjøl på først.
-Etterhev.
-Steik ved 200 grader i 30-45 minutt.

Osterundstykke med oregano

50 g gjær
5 dl mjølk
1,5 dl kveite - heilkorn
1,5 ts salt
550 g kveitemjøl
1 ss oregano
200 g riven ost

-Kok opp mjølka og slå ho over heilkornet.
-La det stå til det vert lunka og løys opp gjæra.
-Bland alt saman og arbeid til deigen er jamn.
-Hev.
-Del i 20-24 emne og trill ut til jamne rundstykke.
-Etterhev.
-Steik ved 225 grader i ca 10 minutt.

søndag 24. mai 2009

GROVT brød


1 kg Fibra (ferdigblanding)
0,5 kg solsikkebrød (ferdigblanding)
0,5 kg kornbrød (ferdigblanding)
0,5 pakke solsikkefrø
0,5 pakke kruskakli eller havrekli
2 pk gjær
2 ts salt
ca 1,5 l lunka vatn
2-4 ss honning eller sirup

Bland alt saman utan å kna.
Hev i 15-20 minutt, eller til dei fyller formene.

Steik i 1 time på 200 grader, gjerne varmluft.

mandag 16. februar 2009

Brød

Mine brød blir aldri heilt like, sidan eg tek mjøl og frø og slikt på slump... Men her er iallfall noko eg syns det er godt å ha i deigen!

(Til fire brød)
-2 pk gjær
-15 dl væske (vatn, mjølk...)
-1 ss salt
-1 dæsj olje
-solsikkefrø
-linfrø
-havregryn
-kruskakli
-sammale kveitemjøl (fint)
-fint kveitemjøl
-hakka nøtter
-raspa gulrot
-yoghurt

Ja, det er igrunn berre å bruke fantasien (og restar i kjøleskapet...)

lørdag 3. mai 2008

Grove horn

16 horn

12 dl kveitemjøl
4 dl sammale kveite, grov
8 ss margarin
6 dl mjølk
50 g gjær
1 ts salt

-Smelt margarinen og slå i mjølka. Varm opp til 37 grader.
-Bland det tørre.
-Rør gjæra ut i mjølk/margarin.
-Arbeid alt raskt saman.
-Ikkje forhev.
-Del i to emne og kjevle kvar av dei ut til rund leiv.
-Del kvar leiv i 8 spissar og rull dei saman til horn.
-Hev.
-Pensle med egg og strø på valmue- og sesamfrø.
-Steik ved 225 grader i 12-15 minutt.

Ostescones

8 scones

5 dl kveitemjøl (Halvparten kan byttast ut med sammalen kveite, fin eller grov)
1,5 ss bakepulver
0,5 ts salt
1 krm peppar
50 g smør eller margarin
1 egg
2 dl skumma kulturmjølk(gjev fin konsistens og reduserer feittmengda)
1 dl riven, mager ost
3 ss klipt eller 1 ss tørka graslauk
(+ eventuelt rosiner for ein fin spiss på smaken)

-Forvarm steikeomnen til 225 grader.
-Bland dei tørre ingrediensane i ein bolle eller i kjøkkenmaskin.
-Smuldre i smøret.
-Bland egg, mjølk, ost og graslauk.
-Ha blandinga i bollen og elt deigen raskt saman.
-Ha deigen på bakebordet. Kna raskt saman.
-Trykk eller kjevle ut til 1 cm tjukk, rund leiv på bakepapirkledd plate.
-Skjær leiven i 8 snippar.
-Steik midt i omnen på 225 grader i 15-20 minutt.
-Server dei helst medan dei er lunkne. Det held seg forøvrig fint i frysaren i minst ein månad. Varm dei i så fall nokre minutt i ovnen før servering.