søndag 4. mai 2008

Pizzahorn

1 pk gjær
1 dl vatn
2 ts salt
0,5 ts sukker
3 ss smelta margarin
4 dl mjølk
1 ts bakepulver
12 dl kveitemjøl

-Rør ut gjæren i vatnet.
-Bland i resten av ingrediensane og elt saman.
-Hev.

Fyll
Fyll kan vere nesten kva som helst. Sjølv likar eg best anten pizzafyll, eller kjøttdeig med tacokrydder. Bruk fantasien! Uansett har eg alltid med ei osteskive ;)

-Del deigen i to emne, og kjevle ut til runde leivar.
-Del kvar leiv i 8 snippar.
-Legg ei osteskive og litt fyll på kvar snipp.
-Rull saman til horn.
-Steik i 10-12 minutt ved 250-275 grader.
-Server varm, gjerne med salat til.

Ingen kommentarer: