søndag 4. mai 2008

Fromasjkake med frukt

Dette er ei søt, frisk og herleg kake, som som regel slår godt an!

2 pk gele etter smak og behag. (Eg likar best ei blanding av boysenbær og jordbær, eller berre jordbær).
9 dl vatn. (Litt mindre enn når du lagar vanleg gele med andre ord).
1 boks kremfløte.

-Lag gele og la han halvstivne.
-Skjer opp frukt i bitar (2 eple, 2 appelsinar, 2 bananar, 2 pærer, druer. IKKJE kiwi - då stivnar ikkje geleen...)
-For å spare deg for litt arbeid går det an å bruke ein fruktcoktail som basis.
-Pisk fløten og vend den inn i den halvstive geleen til farga er ganske jamn.
-Bland i frukta. Det skal vere ganske tett med frukt.
-Ha i rosiner, nøtter og kokesjokolade om du vil.
-Hell i form som er skyld i vatn, og lat den stå i kjøleskapet til fromasjen er stivna.

Den kan av og til vere litt keitete å få ut av forma, men like god likevel!

Det blir omtrent så mykje:

Ingen kommentarer: