torsdag 11. august 2011

Fiskesuppe


Eg tråla nettet etter ei fiskesuppe eg kunne lage frå botn av, og denne var vi ganske nøgde med :) Oppskrifta er henta frå meny.no, og du finn henne
her
.



porsjonar

-600 g torskefilet
-1 stk persillerot
-2 stk gulrot
-2 stilk stangselleri
-1 stk liten purre
-1 ss rapsolje
-1 fedd kvitløk, finhakka
-2 stk fiskebuljong (terning)
-1,5 l kokande vatn
-2 ss kveitemjøl
-3 dl matyoghurt
-50 g reker (evt 100 g dersom du droppar crabsticks)

-50 g crabsticks
ts salt
-1 krm peppar

Strimle opp grønnsakene og surr dei i oljen saman med løk og kvitløk.
Spe med fiskekrafta/buljongen, og gje det heile eit oppkok.
Skru ned varmen.
Ha i fisketerningar på ca 2x2 cm.
Rør mjølet inn i yoghurten til ein glatt masse, og ha blandinga i suppa under omrøring.
Trekk i ca 5 minutt, til fisken er nesten mør. NB: Suppa skal ikkje fosskoke etter at du ha hatt i yoghurten!
Ha i reker og crabsticks, og kok opp.
Smak til med salt og peppar.

mandag 25. juli 2011

Svinewok

Denne oppskrifta er henta frå matprat.no.

2 porsjonar

-250
g svinekjøtt i strimler
-2 ss olje
-1 stk gulrot
-1 stk rød paprika
stk purre
-1 ts buljongpulver
-1 ½ dl vann
-2 ts soyasaus
-1 ts maisstivelse (maizena)
ts malt ingefær
ts salt
-½ ts grovmalt pepper

-Strimle opp grønnsakene.
-Varm opp oljen i wokpanna, og brun kjøttet i små porsjonar. Legg til sides etterkvart.
-Fres grønnsakene.
-Ha kjøttet tilbake i wokpanna og bland saman.
-Bland buljong, maizena og ingefær og hell over.
-Rør til det kokar.
-Smak til med salt og peppar.
-Trekk i eit par minutt.
-Server med kokt ris.

Du kan sjølvsagt bruke andre grønnsaker viss du har andre preferansar. For oss er til dømes kvitløk eit must!



torsdag 22. juli 2010

Pavlova

Denne oppskrifta er henta frå matprat, på denne sida. Veldig god!

Marengsbotn:
4 stk eggehvite
¼ ts
salt
250 g
sukker
2 ts
maisstivelse (maizena)
1 ts
hvitvinseddik eller bringebæreddik

Pisk romtempererte eggekviter sakte saman med litt salt til dei dannar eit mjukt skum. Skru opp hastigheita til boblene i skummet er små og jamne. Når skummet dannar stive topper har du i sukkeret litt etter litt. Pisk til blandingen er mjuk og blank og alt sukkeret er oppløst. Ikkje visp for lenge, for då blir blandinga kornete. Vend deretter maizena og eddik forsiktig inn. Bre utover på bakepapir. (NB! Husk at du skal ha det over på eit fat etterpå! Det var berre flaks at mamma hadde eit fat som passa ;)

Steik midt i omnen på 160 grader i ein time.
Lat botnen stå til han er kald.


Oppå:
1 boks/3 dl kremfløte - pisk krem.
1 pk ferdig vaniljekrem - vend inn i kremen.

Ha kremen oppå kaka.

Frukt og bær etter eige forgodtbefinnande :) Skjær opp i bitar og fordel over kaka.

torsdag 17. juni 2010

Smoothie


"Man tager hva man haver...", men dette funkar iallfall for meg:

Til 2 store glass:

1 stor/2 små nevar frosne skogsbær el. anna bær.
Appelsinjuice (nesten opp til kanten av bæra i blenderen).
2,5 dl vaniljeyoghurt.
1 banan.
Evt 1 kule vanlijeis.


Kjør bær og juice i blenderen. Fyll etter med yoghurt, deretter banan og evt is. Kjør til jamn blanding (sjølv om eg for min del ikkje syns det gjer noko med litt småklumpar!)

onsdag 16. juni 2010

Knekkebrød

2 dl solsikkekjernar
2 dl sesamfrø
4 dl store havregryn
4 dl sammalen kveite, grov
7 dl temperert vatn

Bland det tørre.
Slå over vatnet.
Lat det heile svelle i eit kvarter.
Bre deigen utover to steikeplater.
Rut opp i passe store bitar.
Steik i 75 minutt på 150 grader, varmluft.

Eg har fått tips om å lagre knekkebrøda i metallboks utan lokk, for å halde dei sprøe og gode :)



tirsdag 15. juni 2010

Mamma sine kjøttkaker

500 g kjøttdeig
1,5 ts salt
1/4 ts peppar
1/4 ts muskat
1 krm ingefær
2,5 ss potetmjøl
ca 2 dl mjølk (eller vatn)
Hakk gjerne litt løk og ha i.

Arbeid salt og krydder inn i deigen så han vert seig,
deretter mjølet.
Spe med væske litt etter litt.
Form til runde kaker og steik i varm panne.

Og med hjortekjøttdeig frå Romsdalen blir det endå betre :)

fredag 28. mai 2010

Kyllingsuppe á la Mari&Lars Eirik :)

I eit bursdagsselskap hos Mari og Lars Eirik fekk vi ein gong servert denne framifrå suppa, og no har eg endeleg fått kloa i oppskrifta og fått prøvd ho ut på eige kjøkken. Det vil gjenta seg!

3-4 personar

2 kyllingfiletar, skjært i bitar
1 hakka løk
1 eple, skjært i terningar

Surr dette i 2 ss margarin.
Hell deretter over:

2 boksar hakka tomat (hermetikk)
1 kartong matfløte (kan byttast ut med kokosmjølk)
1 dl vatn
2 grønnsakbuljongterningar
1 strøken ss sterk karri
1 ts sukker

Lat det heile putre i 5-10 minutt.
Server med brød av eitt eller anna slag :)

Foccacia

Denne oppskrifta er henta frå tine.no. Eg har tilpassa ho min eigen smak ;)

1 pk gjær
5 dl lunka vatn
0,5 ts salt
1 ts sukker
1 l kveitemjøl
2 ss olivenolje

Bland alt saman. Ha i oljen til slutt slik at han legg seg utanpå deigen på eit vis. Deigen skal vere ganske blaut. Lat han heve i ca ein halv time. Tøm han så ut i ei smurd lita langpanne.

På brødet anbefalar tine følgjande:

1 dl fetaost i små terningar (kan sløyfast)
3 ss frisk rosmarin og/eller timian
2 dl steinfrie oliven, svarte eller grønne
2 ts havsalt
1,5 dl olivenolje

Dette skal stikkast i/bli strødd på brødet. Oljen til slutt. Personleg er eg ikkje så glad i oliven, så eg brukte soltørka tomat i stadan. Fetaost har eg ikkje prøvd, men kvitløk er eit must. Eg delte fedda i 2-4 bitar som eg stakk ned i brødet.

Før det etterhever i 10 min brukar du hendene dine til å klappe deigen, slik at det blir mange små groper på overflata.

Steik ved 180 grader i ca ein halvtime.

søndag 16. mai 2010

Oreokake

Det er teke utgangspunkt i denne oppskrifta. Svigermor har modifisert henne, og eg har adoptert henne ;) Les gjennom heile oppskrifta før du går på butikken!


Bunn:

210 g dot-kjeks (1 pk). (Opprinneleg oreo-kjeks).
100 g smør.

Hakk kjeksen i foodprosessor.
Ha i smøret, og kjør til alt er i éin deigklump.
Bre massen utover botnen i ei 24 cm rund kakeform.

Ostekrem:
1 pk philadelphia light, naturell (200 g). (Opprinneleg oreo-kjeks).
2,5 dl melis.
1 boks kremfløte.
70 g dot-kjeks (1/3 pakke), grovhakka. (Opprinneleg oreo-kjeks).

Bland osten med melisen til ein jevn masse.
Pisk krem av fløten.
Vend osteblandinga inn i kremen.

Ha 2/3 av kremen oppå botnen. Strø/stikk kjeksen over.

Sjokolademousse:
1 pk toro sjokolademousse.
3 dl mjølk.
70 g dot-kjeks (1/3 pakke), grovhakka. (Opprinneleg oreo-kjeks).

Lag sjokolademousse som anvist på toro-pakka.
Bre moussen forsiktig over ostekremen. Strø/stikk kjeksen over.

Ha resten av ostekremen oppå, og strø den siste tredjedelen av dot-kjekspakka (grovhakka) på toppen til pynt. Du kan i tillegg pynte med smelta sjokolade eller sjokoladesaus.

Sett kaka i kjøleskapet, og la stå i minst ein time.

Viss du vil ha eit klarare skille mellom laga i kaka, let du ho stå i kjøleskapet ein halv time før du legg på nytt lag.

Nyt og bli mett, rett og slett! :)

mandag 31. august 2009

Julebrød

1 pk gjær
3 dl mjølk
1,5 dl sukker
1 l kveitemjøl
175 g smør (gni inn i mjølet)
1 ts kardemomme

-Sett deigen til heving.
-Etter heving: Ha i 150 g rosiner og 150 g sukat som du har strødd litt mjøl på først.
-Etterhev.
-Steik ved 200 grader i 30-45 minutt.

Aniskringle


2 pk gjær
1 l skumma mjølk
125 g smelta smør
125 g sukker
1 pk anis
Ca 1,5 kg kveitemjøl
Ei klype salt

Steik ved 225 grader i ca 15 minutt.

Osterundstykke med oregano

50 g gjær
5 dl mjølk
1,5 dl kveite - heilkorn
1,5 ts salt
550 g kveitemjøl
1 ss oregano
200 g riven ost

-Kok opp mjølka og slå ho over heilkornet.
-La det stå til det vert lunka og løys opp gjæra.
-Bland alt saman og arbeid til deigen er jamn.
-Hev.
-Del i 20-24 emne og trill ut til jamne rundstykke.
-Etterhev.
-Steik ved 225 grader i ca 10 minutt.

torsdag 28. mai 2009

Marihøna sine favorittmuffins


(12 stk)
300 g mjøl
2 ts bakepulver
150 g sukker
1 egg
1 ts vaniljesukker
2,25 dl melk
50 g smelta smør

100 g friske bær
25 g hakket sjokolade

200 grader i 25 minutter

søndag 24. mai 2009

GROVT brød


1 kg Fibra (ferdigblanding)
0,5 kg solsikkebrød (ferdigblanding)
0,5 kg kornbrød (ferdigblanding)
0,5 pakke solsikkefrø
0,5 pakke kruskakli eller havrekli
2 pk gjær
2 ts salt
ca 1,5 l lunka vatn
2-4 ss honning eller sirup

Bland alt saman utan å kna.
Hev i 15-20 minutt, eller til dei fyller formene.

Steik i 1 time på 200 grader, gjerne varmluft.

Saftig sjokoladekake á la Åshild

400 g smør
4 dl vatn
6-8 ss kakao
9 dl sukker
1 beger lettrømme
9 dl mjøl
2 ts natron
0,5 ts salt
4 egg

Ha smør, vatn og kakao i ein stor kjele. Kok opp.
Slå av plata, men la kjelen stå på.
Tilsett sukker og rør rundt til deg tek til å løyse seg opp.
Ha i rømmen og rør godt.
Ha i sikta mjøl. (Viktig at det er sikta for å unngå klumpar!)
Ha i natron, salt og egg. (Egga bør du røre saman først og ha i litt etter litt)
Hell røra i ei stor langpanne.
Steik ved 175 grader i ca 30 minutt.

Lag glasur medan kaka står i omnen:

100 g smør
350 g melis
4 ss mjølk
2 ts vaniljesukker
1 plate kokesjokolade

Smelt smør og ha resten oppi.

Når kaka er ferdig steikt skal du umiddelbart stikke mange hol i kaka med ein gaffel og helle glasuren over, slik at han trekkjer litt ned i kaka.

Herlig saftig!

søndag 26. april 2009

Karen si gulrotskuffekake

4 dl kveitemjøl
1 ts natron
2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts salt
3 egg
4 dl sukker
2,5 dl matolje
4 dl rivne gulrøtter
2 dl knust ananas, godt avrent
2 dl kokosmasse
2 dl hakka valnøtter (kan sløyfast)

-Bland mjøl, natron, kanel, vaniljesukker og salt i ein bolle.
-Visp samman egg, sukker og olje i ein annan bolle. Bruk elektrisk visp.
-Tilsett mjølblandinga litt etter litt og rør godt.
-Vend gulrøttene, ananasen, kokosen og nøttene.
-Hell røra i lita langpanne (23x30 cm), og steik i 60-75 min på 175 grader.
-Avkjøl kaka før du har på glasuren. Det går også an å sløyfe glasuren.

Glasur
200 g cream cheese
5 dl florsukker
1 ts vaniljesukker
75 g smør

søndag 12. april 2009

Chop suey á la svigers

4 porsjoner

-600 g grytekjøtt av svin
-1 løk el sjalottløk
-2 gulrøtter
-1 purre
-1/2 sellerirot
-1 ss smør
-4 dl buljong (vann + hønsebuljongterninger)
-2 ss soyasaus
-1 ts salt
-1/4 ts peppar
-1 ss maisenamjøl


-Skjær kjøttet i avlange, litt tynne strimlar.
-Skjær løk og purre i ringar og sellerirot og gulrot i tynne strimlar.
-Brun kjøttet raskt i varm panne, tilsett løken, buljongen, soyasausen, salt og peppar.
-Kok opp og la trekke ved 80 grader i ca 30 minutt.
-Tilsett grønnsakene.
-Jevn retten med maisennamjøl utrørt i litt kaldt vatn.
-Kok opp og la trekke i 2-3 minutt, til grønnsakene er såvidt møre.
-Smak til med salt og peppar.
-Server med ris eller pasta.

Nammenam :)

Oppskrifta er henta frå ei minikokebok frå opplysningskontoret for kjøtt.

tirsdag 17. februar 2009

Laks med couscous

Du kan heilt sikkert bruke denne couscousoppskrifta til andre ting en laks, men akkurat i dag var det 40% på all Findus på ICA, og bakpå pakka med sprøbakt lakserullade fylt med brokkoli og ost fann eg denne deilige oppskrifta (som gjev 2 porsjonar):

1 dl couscous.
100 g sukkererter.
1/2 raudløk.
1 kvitløksbåt i skiver.
5-10 delte cocktailtomatar (eg brukte cherrytomat).
2 ss olivenolje.
50 g cashewnøtter, naturell.
1 skrella appelsin i terningar.

Kok couscousen etter anvisninga på pakka.
I mellomtida steikar du sukkererter, raudløk, kvitløk og cashewnøtter i olivenoljen i 2 minutt. Ha så i tomatane.
Bland couscousen med grønnsakene og appelsinen når han er ferdig.

mandag 16. februar 2009

Brød

Mine brød blir aldri heilt like, sidan eg tek mjøl og frø og slikt på slump... Men her er iallfall noko eg syns det er godt å ha i deigen!

(Til fire brød)
-2 pk gjær
-15 dl væske (vatn, mjølk...)
-1 ss salt
-1 dæsj olje
-solsikkefrø
-linfrø
-havregryn
-kruskakli
-sammale kveitemjøl (fint)
-fint kveitemjøl
-hakka nøtter
-raspa gulrot
-yoghurt

Ja, det er igrunn berre å bruke fantasien (og restar i kjøleskapet...)

søndag 23. november 2008

Baccalao

3-5 porsjonar

Oppskrifta er henta herfrå.

3- 400 gram klippfisk
10 - 12 poteter (etter størrelse, smak og behag)
2-3 bokser med hakka tomat
2 løk
0,5-1 raud chilipepper
1-4 fedd kvitløk (smak til)
2 desiliter olivenolje

Vatne ut klippfisken. Det står gjerne på pakka kor lenge det er anbefalt å la han ligge i vatn, eller du kan spørje på fiskebutikken. Eg lot han ligge i 12 timar, og det var nok hakket lengre enn naudsynt.



Skrell potetane og skjer dei i skiver på ca 1,5 cm. Løken skjer du også i ganske tjukke skiver/bitar. Eg kjøpte hakka tomatar med chili og kvitløk, men dersom du brukar ferske varer finhakkar du desse.


Legg alle ingrediensane lagvis i ei gryte som er stor nok. Start med tomat, følg på med potet, løk og fisk. Eg fekk eit par-tre lag. Oljen hadde eg oppi til slutt før eg krydra med litt salt og peppar. Basilikum er også godt. Eg har også sett oppskrifter der ein har oppi paprikabitar og soltørka tomat for å sette prikken over i-en. Eg fekk dessutan tips om å ha oppi litt vatn for å få han "blautare", men det blir jo også etter korleis ein ønskjer det.















Kok opp, og la det så småputre i 1,5-2 timar. Server med brød eller flatbrød.



Om det var godt?